Vett 2/2009

EUs politi- og justissamarbeid – i dag og i morgon

PrisNOK50,00 inkl. mva.

Produktinfo

Med sine tusenvis av sider med avtaletekstar, forordningar og handbøker, kan vi ikkje gå inn på alle sider ved Schengen her og heller ikkje alle detaljane.
Dette VETT-heftet fokuserer på utviklinga på området dei siste elleve åra, spesielt i asyl- og flyktningpolitikken samt kva vi kan venta oss framover om eller når Lisboa-traktaten vert gjennomførd. Del ein gjev ei kort innføring i Schengen-samarbeidet, og del to utdjupar asyl- og flyktningpolitikken, serskilt fylgjene av Dublin II-forordninga.
Med Schengen er Noreg knytt til store delar av EUs politi- og justissamarbeid. Vi har gjeve frå oss mykje av sjølvråderetten på sentrale område for ein kvar stat – som grensekontroll og visumpolitikk. Likevel har vi ingen røysterett når EU vedtek ein stadig meir omfattande sams politikk. Men Noreg står utanfor viktige område – som det meste av asylpolitikken, lovleg innvandring, sivilrett og antiterrorarbeidet. Her kan vi føra den politikken vi sjølv ynskjer.
Ja-sida meiner det er eit argument for å melda oss inn for å få ein minimal innflytnad gjennom røysteretten. Vi meiner det er eit argument for at vi skal halda oss utanfor og seia opp Schengen-avtala, slik at vi kan ta attende makta over eigen politikk og samfunnsutvikling.